fredag, april 24, 2009

Eg berre lure..

...i den Axe-reklamen som går på TV for tida....der er noko eg ikkje forstår!

Der går tre steinalderkvinner inn i skogen og møter på tre nakne menn..kvifor var dei mennene nakne?

Eg berre lure eg altså...

tysdag, februar 17, 2009

Aldri før..

..har eg nokon gong vore så stolt som det eg er i desse tider. ALDRI!!!


Ver så snill å les både her og her!!

Sjå også denne videoen!









Gratulerer storebror!!


Skulle så inderleg ønske at eg kunne vore med å heia på deg, og vore i Stryn og tatt deg imot!

Takk også til alle som har vist Ivar denne støtta!


Eg er utruleg gla på dine vegne, utruleg stolt over deg og utruleg glad i deg!

tysdag, desember 16, 2008

R.I.P.


DÅ DERRICK VAR LITEN

by Arne Hjeltnes

Eg lurar på kva Derrick
gjorde då han var liten.
Fekk han òg kjeft,
når buksa var skiten?


Eg lurar på om Derrick
hadde ost på maten.
Om han òg kasta den
blaute tomaten.

Sat Derrick og teikna,
når læraren såg vekk?
Og lagde små skurkar
med penn og med blekk?

Stal Derrick små eple
frå naboens tre?
Eller tok han små vener
som sysla med det?

Skreik Derrick høgt
av eit stikk BCG,
eller kremta han berre
og nikka av det?

Om kvelden då Derrick var ute ein tur,
vart far hans sinna og mor hans sur?
Gjekk alltid Derrick med riktig refleks?
Og korleis er dette med Derrick og sex?

Han sykla nok ikkje utan si lykt,
og sa aldri noko som var særleg stygt.
Han kom nok på skulen vaska og rein,
og bakpå sykkelen sat Harry Klein.

torsdag, oktober 02, 2008

Dokke skal bestemme!

Her har skjedd nye ting her på 164cm over bakken, og det mest oppsiktsvekkande, er at eg no framover skal la dokke få lov å bestemme over små daglege gjeremål. Eg begynner i det små, nemleg med tanke på middagsmat. Men dokke har stor fridom med å kome med forslag på kva andre ting dokke kan stemme over!

Dette kan bli morosamt. Eg gler meg. Bittelitt som Big Brother rett og slett.

måndag, september 29, 2008

Du tulla!!??

Ja, no har eg høyrt det også..

Er det i heile tatt lov?!

Minne meir om teksten på engelske sangar som Lars syng, som han eigentleg ikkje kan teksten på...

No kan dei jo ikkje få fleire, er jo ikkje muleg å toppe dette tullet!

Minne jo eigentleg aller mest om tull, både likna jo på det, og høyres ut som det viss ein seie det raskt nok.

Men kva er eigentleg gale med å berre heite Emma?

Vel, velkomen til verda Tallulah, hadde du ikkje vore av blått blod, hadde du nok blitt krona likevel - nemleg til "klassens teitaste namn-krona"...

Du kan jo faktisk bli vår Dronning, viss dei føre deg skulle stryke med...men lat oss no ikkje håpe det. Hadde vore for gale spør du meg.

måndag, september 15, 2008

Til mine kjære føresette!

Til Mamma:

I dag åt eg fersk, stekt ørretfilet med kokte poteter, agurksalat og rømme attåt.

Og ja, eg lagde alt sjølv.

Til Pappa:

Dette kosta meg berre 35,- til saman, sidan ørretfileten var på tilbod!!

Og du fekk vel med deg at eg åt kokte poteter!?! Dvs mat som du også klarar å ete!

sundag, september 07, 2008

Kva skjer med Trivselsfylket?!

Ein av mine faste rutinar når eg er ein tur innom det O'Store Internett, er å besøke NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Dette pga at det er den beste nyhendesida for nyheter i Sogn og Fjordane - Trivselsfylket. Eigentleg syns eg at NRK Sogn og Fjordane kan bytte namna til NRK Trivselsfylket. Det hadde vore noko det!

Men no har eg altså vore innom NRK Trivselsfylket sine nettsider klokka 12.30 på ein søndag, og skal seie at ting gjekk hardt føre seg i går, på ein laurdagskveld.  Dette var dei øverste sakene som var der:

Etterlyser to bilar

Politiet ønskjer tips og etterlyser to stasjonsvogner etter at 75 laptopar vart stolne frå skule.

17-åring til lege

To 17-åringar slått til på to festar.

Schäfer gjekk til angrep

Ein hundeeigar fekk ei utriveleg oppleving.

Mann slo til ung kvinne

Måtte tilbringe natta i arresten

18-åring slått i ansiktet

Og ein mann køyrde utan førarkort og ein anna vart sendt til avrusing.

Teken med amfetamin

Politiet fann amfetamin på rusa mann.

Men det var ikkje berre nyhende som var sjokkerande eller triste, den neste nyheita var av det svært gamle slaget:

For feit for salto

Fylkeslaget vann laurdag kampen mot Drillos-98. "Mini" meinte han var ute av form.